Stiller opp for ukrainske flyktningar

Møre bispedøme har hatt ein venskapsavtale med Nordre bispedøme i Ungarn gjennom mange år. Ungarn har ei 100 km lang grense til Ukraina, og heile denne grensa ligg i Nordre bispedøme. No stiller kyrkja opp for flyktningar som kjem over grensa.

I følgje FN har 1,7 millionar menneske flykta frå landet så langt. Krisa har utvikla seg til å bli den raskast voksande i Europa sidan andre verdskrig. Foto: Håvard Bjelland

Når ein er på besøk hos våre vener i Ungarn er det lett å la seg bevege av det store diakonale arbeidet dei driv.

Det siste tilskotet til vårt vennskapssamarbeid er ein gjensidig bønekalender, der kyrkjelydar i Ungarn ber for kyrkjelydar i Møre, og kyrkjelydar i Møre ber for arbeidet i Ungarn. I den situasjonen som no rår, er dei svært takknemlege for vår forbøn.

Biskop Tamás frå Nordre bispedøme i Ungarn skreiv følgjande til sine kollegaer i Møre bispedøme førre veke:

«Tusen takk for brev og støtte. Nå, disse svært travle dagene kan jeg bare skrive helt kort, men neste uke skal jeg informere dere mer om situasjonen og arbeidet vi prøver å gjøre for å hjelpe både flyktningene og menneskene som blir værende i Ukraina. Begge deler er like viktig. Takk for bønnene deres. Nå ser vi hvor viktig dette redskapet er. Det er fantastisk at (sokneprest) Tormod Remøy og Emese (min teologiske assistent) har etablert denne «bønne-broen» mellom våre to bispedømmer».

Private heimar, kyrkjer og kyrkjelydshus stillast til rådigheit

Ungarn har ei 100 km lang grense til Ukraina, og heile denne grensa ligg i Nordre bispedøme. No stiller kyrkja i Ungarn opp for flyktningane som kjem over grensa, og det er vilje til å hjelpe på mange ulike vis. Førre veke tok dei i mot studentar frå Nigeria, som i all hast hadde klart å kome seg ut av Ukraina, men utan å få med seg eigendelane sine. Det har vore forskjellege innsamlingar for krigsflyktningane, mellom anna ein solidaritetskonsert. Søndag 6. mars stod det senger klare til 400 familiar, i private heimar, kyrkjer og kyrkjelydshus.

Behov for akutt naudhjelp

Kyrkja sine samarbeidsorganisasjonar melder at folket i Ukraina har behov for akutt naudhjelp. I følgje FN har 1,7 millionar menneske flykta frå landet så langt. Krisa har utvikla seg til å bli den raskast voksande i Europa sidan andre verdskrig. Vatn, mat, husly og medisinar er mangelvarer. Kirkens Nødhjelp har satt i gong ein respons saman med sine partnarar og gir livsviktig hjelp til flyktningane, både i Ukraina, Ungarn, Romania og Polen. Saman med Hungarian Interchurch Aid har dei etablert eit flyktningmottak i Ukraina, i grenseområdet mot Ungarn.

- Vi har eit samarbeid gjennom ACT Alliance (Action by Churches Together), og det er Hungarian Interchurch Aid som gjer arbeidet på bakken for oss no i Ungarn, fortel Bente Hjertenæs frå Kirkens Nødhjelp Trøndelag/Møre og Romsdal.

Mottaket sørgjer for telt og mobile toalett, og flyktningane får mat, vatn, ullteppe og essensielle hygieneartiklar. Ukrainske flyktningar på grensa til Ungarn har så langt mottatt over 28 tonn med mat og hygieneartiklar frå Kirkens Nødhjelp og Hungarian Interchurch Aid.

Om du vil hjelpe Kirkens Nødhjelp med å hjelpe menneske i naud: Vipps til 2426 eller send til konto 1594.22.87426

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"